Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august-desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar og deira historier.
Samlinga rommar mellom anna hendingar som trikkedrapet på Bislett i august, Erik Byes død, skypumpa som rasa inn over Oslo 22. oktober og flodbølgjekatastrofen 26. desember. Tekstane flyttar seg frå ein eplegard i Hardanger, til Bislet bad i Oslo til Rotterdam under krigen. Og midt i denne kvervlande straumen, denne skypumpa av hendingar og historier, står eg-et med poetisk energi og språkleg sikkerheit.
Store stygge dikt er ei bok om alt som kvervlar forbi, om alt som plutseleg kan gå i stykker. Det handlar om barndom, om å bli vaksen, om død, men og om gleda over trivielle ting. Det handlar om lengt; om kjærleik som er, som nesten er, som ikkje er lenger. Og det handlar om å prøve å halde saman alt det som kvervlar.