
Han står andlet til andlet med fienden. Alt mot har forsvunne. Det er berre frykta att. Vil han klare seg i kampane? Og kvifor drog han eigentleg til Amerika?
140 år seinare er Torjus Knudsen på reise med sonen sin til USA. Tord skal delta på 140-årsmarkeringa for slaget ved Chickamauga, der tippoldefaren hans slost. Torjus forstår lite av sonens interesse for fortida. Sjølv veit han at reisa vil kunne føre han tilbake til dottera han fekk med ei anna kvinne, og det før det er for seint.
Åra går. Chloe er i Noreg for første gong. Saman med mor si, Susan, skal ho i ei gravferd i Bergen. Torjus er rett nok morfaren hennar, men ho har berre treft han ein gong. Susan ønskjer å gjere rekneskap med fortida, men først må gamle løyndomar mellom mor og dotter fram.
Ei verd utan hestar spenner eit stort lerret. Romanen beveger seg frå den amerikanske borgarkrigen via atomsprengingane i Nevada-ørkenen, til vår eiga samtid. Det er ein roman om historia, og korleis vi forstår ho. Men det er òg ei forteljing om tida sjølv, og korleis vi kan og må førestille oss ei anna verd i tida som kjem.
5/6
Øyvind Vågnes har skrevet en ambisiøs og mangetydig roman som setter dagsaktuelle problemer inn i en større tidshorisont, og som snakker på vegne av kommende generasjoner.
Gro Jørstad Nilsen
Bergens Tidende
En vestlandsk Don Delillo-roman i bonsai-størrelse - selvfølgelig en kompliment.
Leif Bull
Klassekampen Bokmagasinet
På sitt beste åpner Vågnes’ roman nettopp slike rom også i leseren, rom der det fremmede og det velkjente smelter sammen til nye perspektiver, øyeblikk der skillelinjene mellom det som finnes og ikke finnes, identiteter og verdener som er og ikke er, bryter sammen; der kategoriene vi bruker for å orientere oss i verden, kollapser, som for å gjøre plass til nye tanker, nye syn.
Marius Emanuelsen
Vinduet
Eg fylgjer dei ulike trådane i forteljinga med stor interesse. Både skildringane av krigens gru og familiesagaens krumspring er på kvar sin måte gripande. ... Krigen som no rasar ikkje så langt frå oss, gjer fleire av romanens emne syrgjeleg aktuelle.
Guri Sørnes
Dag og Tid
En fascinerende roman om fedre og døtre … Torjus Knudsen er kanskje den enkeltperson jeg har blitt best kjent med, og fått mest sans for, av alle jeg har møtt i den norske bokhøsten 2022.
Ole Jacob Hoel,
Adresseavisen
Øyvind Vågnes har skrevet sin mest ambisiøse roman til nå ... «Ei verd utan hestar» avstedkommer en god slump tankeføde. På sitt beste åpner den svimlende avgrunner som får den enkeltes plass i slekters gang til å tre frem.
Gabriel M. V. Moro
VG


