Bergljot K. Nordal fekk Buskerud Mållag sin målpris for debutromanen Magda.
- Du har skrive så fint og sterkt om det å vere nær 80, at vi nesten gløymer at forfattaren så vidt er over 30, heiter det i grunngjevinga.
Prisen består i eit trykk frå laga av grafisk designer og teiknar Trond Andersson.
- Eg vart veldig overraska og lo godt og lenge. Det har vore vanskeleg å finne målet mitt. Eg er framleis på leit etter meg sjølv i nynorsken, seier Bergljot K. Nordal.
Ho skriv no på historia om Ruth, som etter planen kan kome i 2011.
Tiden Norsk Forlag gratulerar!